Denne nettsida behandlar personopplysningar i samsvar med personopplysningslova og EUs personvernforordning (GDPR).
Behandlingsansvarleg
Foreininga Spinae Sunnhordland er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar knytt til denne nettsida.
Personopplysningar som blir behandla
Nettsida samlar ikkje aktivt inn personopplysningar gjennom skjema, registrering eller liknande. Til dette nyttar me den eksterne leverandøren Styreweb og blant anna deira Arena360 for registrering av påmelding til kurs.
Når du besøker nettsida vår, kan det likevel bli registrert teknisk informasjon automatisk gjennom serverloggar. Dette kan til dømes vere:
- IP-adresse
- tidspunkt for besøket
- kva sider som blir besøkte
- nettlesar og operativsystem
Opplysningane blir brukte for å sikre stabil drift, tryggleik og statistikk over bruk av nettsida. Informasjonen blir ikkje brukt til å identifisere enkeltpersonar.
Informasjonskapslar (cookies)
Nettsida kan bruke nødvendige informasjonskapslar for å sikre at sida fungerer som ho skal. Desse inneheld ikkje personleg identifiserbar informasjon.
Dine rettar
Etter personvernregelverket har du rett til innsyn i personopplysningar som gjeld deg, og til å be om retting eller sletting dersom opplysningane ikkje blir behandla i samsvar med regelverket.
Kontakt
Dersom du har spørsmål om personvern eller behandling av personopplysningar på denne nettsida, kan du kontakte: oss på kurs@spinae.no.
